Snøholetur


Eg har slike ønsker, eller draumar som nokon kanskje vil seie, som ikkje alle andre har. Eg er langt i frå aleine om dette, men har ikkje så mange i min krets med samme ønske.
Eit av desse ønska er å overnatte ute om vinteren...
Eg hadde sett for meg at det skulle vere i telt, men jammen vart det snøhole!
Snøholetur, litt skremmande og veldig spennande. 
Eg er ein av fleire vaksenleiarar i speidargruppa vår, og siste fredag til laurdag i haustferien inviterte vi dei eldste med på snøholetur. På vestlandet går det enten bra, eller ikkje bra.... men vi var maks heldige med veiret! Litt minusgrader på kvelden når vi skulle starte arbeidet, og opphald, faktisk litt stjerneklart :)



Vi fant eit område der vi starta å lage snøholene (vi hadde eksperthjelp), eit flatt område med mykje laussnø rundt. Vi er så heldige å ha eit fantastisk flott skianlegg i bygda, og det var i dette området vi var. (Ein av dei fine tinga med dette er at vi hadde tilgang til toalett!).
Vi bygde Quinzee snøhole, eit prinsipp der vi samlar ein haug snø, setter den, puttar kvistar ei gitt lengde inn for så å la snøen "feste" seg. Etter ei god pause med mat satte vi i gang å grave, dersom vi møtte kvist visste vi at vi ikkje kunne grave lenger....



Var ein veldig kjekk lærdom å få lov å vere med å lære dette :) Eg bygde snøhola mi nesten heilt aleine! Fekk litt hjelp av instruktøren sidan eg var aleine...

Her sitter eg inni snøhola mi, godt fornøgd med at eg har fått dette til :)

Å byge snøhole var ein ting, ein annan utfordrande del var å overnatte i den.

Eg følger ein del turglade personar på bl.anna instagram, og det ser så idyllisk ut der dei ligg inni soveposen sin inni telt eller i hengekøye, mens frosten dansar i sola.
Vel...frosten var der definitivt!



Klokka var rundt midnatt då eg fint danderte soveposen min inni mi lille hole, før eg kraup godt nedi den. Der låg eg og fraus leeeenge.... eg vurderte å gå å legge meg i varmestova, men ville så gjerne overnatte i snøhole....så kom det til eit tidspumk der eg konkluderte med at dette var galskap, kvifor ligge der å fryse når eg kunne sove godt og varmt inne...men då måtte eg krype ut av soveposen og gå ned til "huset", så eg vart i hula mi. Etter kvart, sånn i 4-5 tida sovna eg... eg draumte at eg var stengt inne ein trang plass, og vakna av at eg måtte ha luft... var nok fordi eg snurpa fleecen litt for godt framfor ansiktet... ;) Vart ei natt med lite søvn, men eg ville ikkje vore den foruten!

Eg har lært mykje på denne turen!
Eg har lest mykje på nettet, og er kjempe takknemleg for alle dei gode tipsa ein kan plukke opp frå andre sine erfaringar.

Underlaget trur eg at eg har fått ei god løysing på, brukar Bamse ekstrem under det oppblåsbare underlaget mitt. Her kjente eg at ikkje kulden steig opp frå bakken :)

Men, sovepose... uff...
Eg visste eg hadde ein tresesong pose, men med fleece innertrekk og Ferrino overtrekk var eg optimistisk og ved godt mot... vel...eg fraus!!!

Ferdig å tømme hola og klar for å reise heim. Foto: Jane G.

Anbefalar alle som har lyst å prøve overnatting ute vinterstid til å lese dette https://www.norskfriluftsliv.no/far-vellykket-vinternatt-ute/ og meir av denne fantastiske jenta!
Eg følger ho på insta der ho har kontoen bodildall, ho er nok eit av mine idol :)
Ho vart faktisk kåra til Årets turjente 2017, vel fortjent!


Stolt av snøhola mi :)



God tur!

Kommentarer

Populære innlegg