Halbrendsnipa 1.Oktober 2017

Eg er så heldig å bu på Vestlandet mellom fjella, og stortrivast med det! Der det er fjell, er der også mange toppar å bestige, mange stiar å utforske. Også har eg ei søster som har fått det for seg at ein må ut å gå kvar helg, og det er til min fordel, sjølv om eg ikkje alltid ser det...




Endeleg frihelg, og slutten på arbeidsveka vart "feira" med ein tur til Fureviksnipa fredag, og eg tenker at no kan eg slappe av resten av helga. Meeen, då får eg ein telefon frå mi søster neste morgon om at vi må vere med å gå rundt Bekkjavatnet. Heile familien gjer seg klar og traskar i veg. Fint å komme seg ut og nyte naturen, men... ein er ikkje ferdig med turen før neste er under planlegging... og på kvelden plingar det inn ei melding; "Halbrendsnipa i morga kl.10:30".
I hovudet mitt går det i for og mot, kroppen er sliten og helga er snart over, men denne toppen har eg ikkje vert på før... Resten av familien ønskar ikkje å vere med, men Nero er alltid klar, så då blir det vi to som blir med min søster og familien. Og bonusen er at vi vart kjent med eit vennepar av min søsters familie som også var med på turen.



Denne søndagen gjekk turen som før nemnt til Halbrendsnipa. Vi parkerte ved Reset, og gjekk stølsvegen inn til Kalsetvatnet, herfra gjekk det oppover. Første delen av vegen var eindel kneløft, og pulsen gjekk fort opp, men med ein liten pause var vi klare for vegen vidare. Stort sett går eg med lave terrengsko, men denne dagen hadde eg valgt å ta på meg fjellskoa mine, og det skulle vise seg at det var rett valg av skotøy.
Det var ein veldig fin tur, det er klart, det er jo tross alt ein fjelltur. Men om ein tar i betraktning at dette var to dagar etter obs varsel for nedbør og vind, var det fint og flott i fjellet. Når vi nærma oss toppen fekk vi sjå meir til veiret, men er ikkje det verste ein har sett på toppen av eit fjell.

Kommentarer

Populære innlegg