Nord 2017

I juli var eg og dattera mi på landsleir for speidarane i Bodø. Det var ei kjekk veke med mykje morro, mykje regn og mykje kulde. Men og sol, latter og gode vennar.
Vi reiste oppover fredagen, buss til Flesland for så å ta fly til Bodø. Vi vart forespegla at gåturen frå Bodø lufthavn til leiren var ein liten spasertur, den gåturen varde i ca.1 time...
Laurdagen var det strålande sol og varmt! Skikkeleg fin sommardag. På kvelden skya det litt meir til, men vi kom oss gjennom åpningsbålet utan nedbør, men nedbøren kom til gangs etter leggetid.
Og sidan regna det.... med litt opphald sjølvsagt....
Mandagen fraus eg sånn at eg gjekk ned på markedet på leieren og kjøpte meg fleece innertrekk til soveposen på speidar sport, det har eg ikkje angra på i ettertid! Gull verdt 😀

Tirsdagen reiste dei største speidarane i gruppa vår på haik, ut i skauen med kart og kompass, sovepose og tarp. Det foregikk nokre redningsaksjonar den kvelden, men det var ikkje noko som berørte våre speidarar, heldigvis 😀
Igjen i leiren vår vi vaksne og dei yngste speidarane i gruppa vår, og vi lagde oss eit godt laksemåltid.

Utpå kvelden fekk vi oss ein gledeleg overraskelse, leiarane i gruppa hadde vore å kjøpt stjernetelt! Stjernetelt er eit veldig praktisk telt som kan stå midt i leieren til gruppa, det er ope til alle kantar, og gir ly, og tak over hovudet, samtidig som det skapar ein flott sosial plass.
Om kvelden kom også nokre av foreldra på besøk (dei budde på camping i nærleiken), og så hadde vi ein kjekk spelekveld.
☆ ☆ ☆
Onsdagen kom dei eldste igjen frå haik, mens dei yngste la på sin haiketur.
"Det er den beste haiken vi har hatt" 😀
♡ ♡ ♡
Ellers gjekk leieren i aktivitetar, matlaging, oppvask, marked, merkejakt og mykje morro.

Sanitæranlegga er vel ikkje det eg kjem til å savne mest... kø, stengte toalett, kaldt vaskevatn....dårleg med dusj-faselitetar... ja ja, er ein på leir så er ein på leir...
Fredagen avbraut eg leiren og fulgte Widerøe heim for å reise i mitt søskenbarn sitt bryllaup. Min datter var igjen ilag med dei andre speidarane og hadde ein fantastisk dag med strålande sol, varme og avslutningskonsert!

Takk for meg Bodø!


Kommentarer

Populære innlegg