Bekkjavatnet/Bymarka 30.09.2017

Hausten er komen for fullt, og siste dag i September vart nytta til å gå rundt Bekkjavatnet, eller Bymarka som eg har funne ut at den vert kalt.
Ein veldig fin tur for heile familien, i flott natur. Det vart berre ein gåtur for oss denne dagen, men har ein tid, og veiret er bra, er det mange fine plassar rundt stien til å grille. Denne helga var det meldt regn og vind, og då har vi ofte nok med å komme oss ut døra.


Eg elskar å ta bilete, og klarar knapt å gå ein tur utan å knipse eit bilde eller femti. Dei fleste bileta tar eg med mobilen min, som for tida er ein Samsung s7. Eg valgte denne mobilen i vår då min s6 takka for seg. Eg var veldig fornøgd med s6, men sidan eg går eindel tur, og Vestandet ikkje har det tørraste klimaet, gjekk eg for s7 sidan denne er vanntett.

Når eg kom til denne dissa, spurte eg fint om nokon ville sette seg oppå, kun for at eg skulle få ta bilete. Skulle nok hatt eit fotokurs eller to, men det finaste eg veit med bileta er at det hjelper meg å huske dei fine stundene vi har.



Eg likar å finne motiv i naturen, og mange syns nok eg er litt rar når eg går tur, for eg tar bilder av alt. Når eg kjem heim har eg mykje forskjelligt å sjå tilbake på, og av og til slår tanken meg at kvifor tok eg bilde av det der....?











Nyt hausten!

Kommentarer

Populære innlegg