Jentetur til Bergen

Det vart gjort forsøk på eit sosialt tiltak på arbeidsplassen min, det endte i at vi var fire stykker som reiste til Bergen for å sjå show med Dr.Bergland.

Vi satte kursen mot Bergen etter arbeidstid fredag, "middag" vart inntatt på ferja mellom Lavik og Oppedal, menyen for min del vart baconpølse :)
Heldigvis for meg vart det ein tur innom IKEA i Åsane, der fekk eg bytta inn lys vi kjøpte i forbindelse med kjøkkenkjøp. Heldigvis super service, ingen problem å få det bytta inn å få pengane tilbake! Var så kjekt å endeleg få kjøpe skuffeinnsatsar til det nye kjøkkenet, og litt anna snacks :)

Første natta tilbragte vi på Basic Hotel, absolutt å anbefale for ein lavbudsjettur ;) Det er ikkje inkludert frukost, men ellers er romma tipp topp!

Etter frukost vart inntatt på Galleriet, med litt shopping på veg ut, sjekka vi ut av hotellet og vandra gjennom gatene til neste hotell, Radisson Blu Royal. Her venta ein herleg 2-retters middag på kvelden, og ein frukost med godt utvalg påfølgande dag!

Etter å ha fått sjekka inn og installert oss på hotellromma trødde vi ut i Bergens gater iført treningskle. Fløyen skulle bestigast!
Eg har vore på Fløyen to gangar tidlegare, og visste kva utsikt som venta der på toppen, men det var ein ny og flott opplevelse og komme seg opp utan å nytte gondolbane!


Eg fekk meg mange positive opplevingar på denne turen, blandt anna at Bergensarar nyttar Fløyen og vegen opp i ein heilt anna liga enn eg hadde sett for meg. Der var personar som lufta hunden, som gjekk tur med ein venn, som bar ski over skuldra og familiar med akebrett! Det var eit yrande folkeliv, og mykje latter og glede på vegen. "Løype" var eit velbrukt utrop frå Bergens små håpefulle, og det kom folk på både ski og kjelke ned gangstien. Utruleg kjekt å oppleve!


Vel oppe fekk eg meg ei ny oppleving, for der var barnefamiliar med vinteraktivitetar rundt omkring på Fløyen! Barnelatter og barnegråt i skjønn harmoni. Kjekt å sjå at byen ikkje berre er by :)










På kvelden var vi på show, eg har sett det før i forbindelse med julebord, men eg fekk no le litt denne gangen også.


Alt i alt var det ei kjempekjekk helg i godt selskap!



Takk for no Bergen!



Kommentarer

Populære innlegg