Fureviksnipa 29.09.2017

Siste veka har vi hatt eit flott haustveir her i Sunnfjord, men no er det meldt vind og regn i helga. For å vere sikker på at det vart ein tur mens det framleis er bra veir,
reiste Nero og eg saman med nokre kollegaer til Fauskevarden etter jobb i dag.



Det var ein veldig fin tur, men ein smule vindfullt!

Fureviksnipa ligg 750 moh,
med utsikt mot Førde og Naustdal, fjell og fjord.
Vi brukte omtrent ein time å gå opp i greit gangtempo,
det var ganske vått i begynnelsen av stien, men kom seg etterkvart.
Vi parkerte eit stykke nedanfor parkeringa til Fauskevarden,
der ligg nokre avkjørsle langs vegen.

Alt i alt var det ein veldig fin tur, i godt selskap, god temperatur, men veldig vindfullt.
Men det er igrunn berre fasinerandes og moro så lenge ein ikkje fryser :)



Lise Katrine






Kommentarer

Populære innlegg