Smådalsnipa 25.09.2017


Etter ei arbeidshelg med strålandes veir var det i dag min tur til å bestige ein topp. Planen var å gå i helga etter endt vakt, men dørstokkmila vart rett og slett for høg. Men, då var det kjekt med knall veir på min fridag, og med ungane på skulen var det ingenting som holdt meg heime.

Nero vart sjølvsagt med meg, og vi la ut på tur med godt mot. Eg meinte eg hadde lest noko om parkering, og var spent på om det var muleg for oss å parkere ved Kleppstølen, når vi kom opp fekk vi svaret på det. Det var laga ein ny parkering litt lenger nede, med eit parkering forbudt skilt der vi tidlegare har parkert der oppe. Men det var ikkje lange stykke ekstra å gå.

 Smådalsnipa ligg 937 moh, med utsikt mot fjell og fjord.
Det er ein tur som er fin for heile familien, om ein bereknar litt tid.

Det er lett å finne fram til rette vegen!


 Ikkje alle dagar er like, takk og pris for det.
I dag var ein dag der Nero og eg var veldig klare til fjelltur, kroppen min var visst ikkje fullt so klar. Første halvdelen av turen gjekk som vanleg, med pusting og pesing. So vart det kortare og kortare mellom pausene, vart tyngre og tyngre å gå. Etter kvar pause var eg klar, men det var ikkje mange stega før eg var tilbake der eg var før pausen. Det er den tyngste turen eg har gått på lenge! Eg begynte etterkvart å tenke på at det er ei stund sidan eg sist fekk B12 injeksjon, og konkluderar med at der ligg syndaren. Men, vi kom oss opp! Vi naut tida på toppen, åt bedbragt mat, heimelaga egg og rekesalat, og ein kopp te. Det var nesten vindstille på toppen, kun eit lite snev av vind, utruleg deiligt!


Eg har vore på Smådalsnipa 2-3 gangar tidlegare,
men eg trur det er første gangen eg ser
korleis det ser ut under snøen på dette partiet her..

Selfie på toppen er naudsynt!

Utikt mot Hafstadfjellet i Førde, pluss ein haug med andre fjell.
Fjell på fjell :)

Frå utgangspunktet Kleppstølen og opp til Stehoggestølane er det grusveg.
Kjenner den er trasig å gå ned igjen, men fin natur rundt då!

Bilde av Kleppstølen, der vi tidlegare kunne parkere

Ny parkeringsplass eit lite stykke nedanfor, plass til rundt 5 bilar..

Fin tur, sjølv om det vart litt hardt på slutten :) Håpar vi får fleire slike dagar i haust!


 Lise Katrine

Kommentarer

Populære innlegg