Snøholetur
Eg har slike ønsker, eller draumar som nokon kanskje vil seie, som ikkje alle andre har. Eg er langt i frå aleine om dette, men har ikkje så mange i min krets med samme ønske. Eit av desse ønska er å overnatte ute om vinteren... Eg hadde sett for meg at det skulle vere i telt, men jammen vart det snøhole! Snøholetur, litt skremmande og veldig spennande. Eg er ein av fleire vaksenleiarar i speidargruppa vår, og siste fredag til laurdag i haustferien inviterte vi dei eldste med på snøholetur. På vestlandet går det enten bra, eller ikkje bra.... men vi var maks heldige med veiret! Litt minusgrader på kvelden når vi skulle starte arbeidet, og opphald, faktisk litt stjerneklart :) Vi fant eit område der vi starta å lage snøholene (vi hadde eksperthjelp), eit flatt område med mykje laussnø rundt. Vi er så heldige å ha eit fantastisk flott skianlegg i bygda, og det var i dette området vi var. (Ein av dei fine tinga med dette er at vi hadde tilgang til toalett!). Vi ...