Hei!

Eg oppretta denne bloggen for ei stund tilbake, men kom aldri så langt at eg la ut noko blogginnlegg, men det skal bli endring på no.
Eg har ein hobby blogg frå før, som har lagt "nede" i lenger tid... men i dag kom eg på at der kanskje var ein app eg kunne benytte.... so no kan eg legge ut blogginnlegg MED bilete frå telefonen 😀 og då vart jo alt mykje lettare  😀

I denne bloggen vil eg legge ut litt frå kvardagen, turar i skog og mark, campingturar og det som ellers vil falle meg inn. Den gamle bloggen min skal få fortsette å vise fram mine kreasjoner.

Litt om meg.
Eg er ei jente som er i mitt 38. leveår, bur på Vestlandet og arbeidar som sjukepleiar.
Eg og min sambuar har ei jente og ein gut, samt ein livsglad japansk spisshund. Vi bur alle i ei leilighet frå 70-tallet i ei vakker bygd i trivselsfylket.

Eg har tidlegare vore flink å gå i fjellet, men av enkelte grunnar vart det slutt på det i nokre år. I Desember 2016 bestemte eg meg for å gjere noko med livet mitt, og den romjula begynte eg å gå....

I starten gjekk eg rundt sentrum kvar einaste dag, ei runde på ca. 3.6 km. Eg gjekk årets første topptur i januar, det var før snøen kom 🙊 og sidan har det blitt fleire. Eg var i ein periode delvis sjukemeldt då livet med jobb, ungar og samfunnets forventningar vart for mykje.... men eg valte å gå.... dette har gjort at eg i dag, eit halvt år seinare, er tilbake i jobb, dørstokkmila har vorte desidert kortare, og eg har det betre med meg sjølv. No har eg ferie, og ventar på at regnet skal avta 😂☔☂🌂🌞

Gleder meg til å vise deg vakre bilder frå den nydelege naturen vår ☺

Utsiktspunkter frå ein av mine favoritt turar. Stølstur i nærområdet med ulldotten min.


Mvh Lise K 

Kommentarer

Populære innlegg