Sommarsolverv

Då har vi endeleg lagt ut på vegen med korja på slep (Korja er eit uttrykk mi oldemor (som dø før eg vart født) kalla campingvogn. Eg synest det var eit artig uttrykk, så derfor har eg bestemt meg for at det ville eg adoptere 😜). Vi har bestemt oss for å prøve litt ferie i eige fylke, og satte kursen mot Refvik. Og først kvelden skuffa ikkje!
Eg har pakka turklede, regnklede, fiskestenger og redningsvestar, og tenkt at vi er heldige om det ikkje regna heile turen. Også får vi DEN solnedgangen, og kjem i ettertid på at det er jo sommarsolverv, og sola gjekk i havet rundt 23.30! Gjett om eg har tatt bileter 🙈

Vi har hatt ein fin førstkveld på camping, gledar meg, og håpar at resten av turen blir like bra ☺

Vart eit kort innlegg i dag, klokka er bikka midnatt, og kroppen treng søvn. Fekk heller ikkje til bileta slik eg ville i dag...hmm..
Untill next time, mvh Lise K.

Kommentarer

Populære innlegg