Luster del 1

Grunna at det var meldt opp mot stiv kuling laurdagen, valgte vi å flytte på oss fredag. Skulle vi fortsette å vere i Refvik måtte vi uansett ha tatt ned forteltet, og då synest iallefall eg der er kjekkare å vere ein plass der forteltet kan vere oppslått 😀 vi var ikkje heilt ferdige med Refvik, men turen er kort tilbake, so er fort gjort å ta ein ny visitt.

Etter ein del googling falt valget på Sogn, sola var i sikte 🌞 men først, ei våt jonsok feiring ☔ og sidan det ikkje såg ut til å vere noko organisert feiring i Gaupne, vart der taco i vogna, var jo tross alt ein fredag 😆

Vi har no lagt på Sandvik camping i Gaupne i 4 netter, 5 natta står for tur (teoretisk er det vel natt allerede, klokka er passert midnatt med 50 min), og vi har hatt nokre supre dagar!

Laurdag var vi ein tur på Pyramiden kjøpesenter (huska dette senteret frå eg var liten, kjempespennende! (var ikkje mykje kravstor)), pløya fort gjennom butikkane der, dei er ikkje mange i talet..
Deretter vart det ein tur i Vigdalen for å helse på tante og onkel, so då vart det laurdagspizza på oss 😀

Laurdag kveld kom søstera og svogeren til mannen, dei hadde vore på weekendtur med bobil. Kjekt dei stakk innom og vart ei natt her dei også.

Søndagen vart det tur til Harastøl, Lyster Sanatorie. Mektig bygg! Vert so fasinert, skulle gjerne vore ein tur på innsida! Men eg måtte nøye meg med å sjå inn vindauga, dei som ikkje var blenda for...kjem på no i skrivande stund at det var faktisk ei dør som stod open, men føler at det ville vore innbrudd å gå inn. Er jo trass alt nokon som eig bygningen. 

Harastøl


Etter besøket på Sanatorie reiste mannen si søster og svoger i Lustrabadet, mens vi andre reiste inn i Jostedaøen og kjøpte oss ein knallgod middag på Gjerde hotell. Reisdyrsteik smakte nydeleg!
Is til dessert vart kjøpt på breheimssenteret.

Vi var også heldige å få ei omvisning i kraftverket, artig å sjå kvar Straumen "vår" kjem.frå 😀

Med dette seier eg god natt, del 2 kjem i morga 😀

Mvh Lise K 

Kommentarer

Populære innlegg