Turistar i eige fylke

Torsdag 22.Juni 2017
I dag har vi vert å besøkt Kråkenes Fyr, det er utruleg flott natur her i #vågsøy, og for ei som er oppvokst med høge fjell på alle kantar er det ganske så fasinerande å sjå utover havet så langt ein kan..

Utsikt frå Kråkenes fyr

(Driv å fundere på korleis ein får bilete i teksten, for så å skrive vidare.... no blir alt blir stilt 🙈)

Vi var heldige med veiret, tatt i betraktning av korleis veiret er om dagen. Vi hadde opplett på heile vår utflukt, regnet kom først om kvelden..



Etter besøket ved Kråkenes Fyr gjekk turen til Kannesteinen, tok litt bilete før vi reiste igjen. Minstemann ville oppå steinen, men det får vi ta att..

Det var ein fin dag, ungane var fornøgde. På vegen tilbake til campingen var vi innom nokre butikkar, så snuppa og eg fekk oss nye goretex sko, og poden fekk seg ny fotball. Mannen fekk betale 🙊💸

Var ein fin dag til tross for at eg slit med har mitt, skjønnar ikkje kva som skjer, blir berre heilt surren. Kombinasjonen av sein kveld, og hav på alle kantar slår dårleg ut.. ville klatre etter ungane opp ein skråning, men måtte gje meg då balansen var til å grine over. Håpar på ein betre dag i dag 😉

Kommentarer

Populære innlegg