Luster del 2

Mandag 26.Juni var vi i Lustrabadet og kosa oss i over 2 timar! Det var bra veit ute, så denne dagen var det ikkje so mange andre personar i bassenget, ein fordel for oss 🏊
Sklia testa vi ut alle, og u.t. og ungane tok den x-antall gangar 🙈


Etter vi hadde bada i frå oss gjekk vi for å få i oss litt mat, ein blir svolten av leik i bassenget i mange timar  😀

I sekstida reiste vi til Vigdalen for å hjelpe til med hesjing. Korfor jobbe i ferien? Jo, tenk kor heldige vi er som får vise ungane skikkeleg gardsarbeid. Er ikkje mange som hesjar no om dagen, og eg er glad at mine barn veks opp med å vite korleis ei hes ser ut, og ikkje berre det, men dei kan faktisk kunsten å hesje!
Gardsarbeid er tungt, men det er kjekt å kunne bidra til at jobben vert enklare, kjem fortare i mål, og ikkje minst; det er sosialt. 
Etter hesa var ferdig fekk vi eit godt kveldsmåltid hos bøndene 😉


Tirsdag vart det endeleg fjelltur på oss.
Førdefolk kom på campingen, og inviterte oss med på tur til Fuglesteg.
Og for ein tur! Vi gjekk i behagelig tempo opp bakkane, det var bratt på slutten, men vi kom oss alle heilskinna opp. På toppen venta ein flott gård! Ei stor, flott DNT hytte, men mange sengeplassar. Ungane vart fasinert av dei djupe vinduskarmene 😀
Utsikta var upåklagelig, og inne hadde dei sal av hellekaker og kaffi.
Endeleg er sommartempen begynt å komme seg, og det var behagelig å sitte ute å nyte nista og utsikta.
Vi brukte i underkant av 2 timar opp, og 1 time ned igjen. Og ja, gangsperren har gitt seg ved kjenne 😂



I dag har dagen gått med til shopping og avslapping, i morga tidleg vender vi nasa heim og gjer oss klar for nye eventyr.

Mvh Lise K 

Kommentarer

Populære innlegg